top of page

Våre dirigenter
sesongen 2025/2026

Velkommen til Arian Pedersen som denne sesongen er vår hoved-dirigent,  og til  Margie S. Antrobus blir vår NM dirigent som i fjor. Vi gleder oss.
Arian Pedersen.jpg

Arian Pedersen (f. 2001) er komponist og dirigent fra den lille bygda Vetås på Radøy. Han har bakgrunn som tubaist, og har spelt med korps som Kleppe Musikklag og Oslo Brass Band. Han er utdanna ved Norges musikkhøgskole i Oslo, kor han har teke bachelorgrad i komposisjon med vidareutdanning i ensembleleiing. Dei siste åra har han dirigert fleire korps i Oslo og omegn, blant andre Brøttum Brass, Hygge Korpsensemble og Sørum Musikklag. I april dirigerte han sin første konkurranse med Oslo Brass Band på Oslo Brassfestival, kor dei fekk tredjeplass i elitedivisjonen. Han er og ein av to utvalde deltakarar i "Maestro", NMF sitt toårige program for unge, lovande dirigentar."

Margie S. Antrobus er dirigent, arrangør, lærar ved Manger Folkehøgskule, dommar og baritonist. Ho er ein erfaren dirigent og har dirigert korps som «Manger Old Stars» og Flesland Musikklag, og er med i folkehøgskulen sitt dirigent team for brassbandlinja. Høgdepunkt som dirigent er å vinne 1. division i underholdningskonkurransen Siddis brass med Flesland Musikklag i 2022, og representere far sin ved å dirigere Nimrod på Manger Musikklag sitt hundreårsjubileum. Ho har dømt fleire store og små konkurranser, både i inn- og utland, med anna NM janitsjar, Dutch Open, Brass In Concert og EM i brassband. Margie tok sin Bachelor in Band musicianship ved University of Salford, ein Master i musikkvitenskap ved University of Manchester og har spelt solobariton med det prisbelønna korpset Yorkshire Building Society Band, i tillegg til fleire år med Manger Musikklag. Ho er også medlem av Yamaha sitt Neo Ensemble og er Yamaha-ambassadør.

bottom of page